6. februar 2011

Den nye guten

Dei gamle grå husa låg øvst i skogbrynet… Marianne hadde aldri trudd at ho skulle få sjå dei forsvinna, men nå, når dei store maskinene var stilt opp på eigedommen, var ho heilt sikker på at dei kom til å bli jamna med jorda. Den nye familien som skulle flytte inn hadde kjøpt dei for å få plass til eit stort hus, som Marianne var sikker på at ikkje kom til å passe inn i den litle bygda ho budde i. Bygda var akkurat stor nok til å ha si eiga skule, og viss det plutseleg skulle dukke opp eit svært, moderne hus i utkanten av bygda kom det jo til å forandre alt. Huset skulle stå ferdig til skulen begynte igjen til hausten, og etter det ho hadde høyrt skulle ein gut på hennes alder flytte inn saman med familien sin.

Det er haust, skulen begynner igjen i dag. Ein ny gut skal begynne i klassen, han heiter Mikkel. Det er han som bur i det nye huset, det ser ikkje så verst ut nå som det er blitt satt opp. Ho hadde trudd at det kom til å vere ein stor villa som ikkje ville passa inn i bygda i det heile tatt, men det er blitt bygd i ein gammal stil som gjer at sjølv om det er stort passar det på ein måte inn. Men den nye guten passar sikkert ikkje inn, når ho flytta inn i eit hus her for nokre år sia hadde ho blitt utstøytt og hadde derfor tilbrakt mykje tid blant dei gamle husa, som nå var blitt revet. Nå når ho endeleg er blitt akseptert, skulle det komme ein ny gut til bygda. Ho syns litt synd på han og tenkjer at viss han er grei kan jo ho vere venner med han.

Det var 5. time, den nye guten passa ikkje inn i klassen. Han kom frå byen, og kledde seg sånn. Han minte henne på korleis ho hadde vore når ho først kom her. Han var stille, og virket sjenert. Han hadde blå auge, og eit fint smil, syntes ho, men det var litt rart at han aldri viste tennene når han smilte. Dei hadde spist formiddagsmat saman, men han hadde ikkje vore særleg pratsam. Han hadde fin stemme. Ho hadde meldt seg frivillig til å vere på gruppe med han i engelsken og han hadde invitert henne med seg heim for å jobbe med oppgåva. Ho gleda seg til å få sjå innsida av huset. Heilt sia ho hadde sett huset hadde ho lurt på korleis det såg ut inne. Og nå når klokka ringte ut om ca: 10 min skulle ho få vite det. Dei hadde norsk, og den kjedelege timen gjorde dei 10. minuttane kjempelange. Men endeleg ringte det ut.
Marianne gjekk ut på parkeringsplassen til skulen med Mikkel. Han gjekk mot bilane, og Marianne lurte litt på kor han skulle. Stien til dei gamle husa var jo den andre vegen. Han stoppa framføre ein heilt ny Volkswagen Blue Motion Golf som var kvit som eit laken, med svarte kantar. Mikkel stakk handa i lommen og tok ut eit par med bil nøklar. Marianne såg lenge på han før ho langsamt gjekk mot han. Då ho var kommen bort trykte han på ein knapp på nøklane og låste opp. Han kom rundt bilen og opna døra for henne. Då ho var inne gjekk han rundt bilen og sette seg inn på fører sida av bilen. Han stakk nøkkelen i tenninga og starta bilen. Marianne hadde komme over sjokket av at han hadde eigen bil nå, og såg spørjande på han. Mikkel smilte og sa: ”Mor og Far er rike, dei ville ikkje bo i ein by lenger så dei flytta ut her, eg fekk denne til bursdagen min”. Du er heldig tenkte Marianne, men som om han hadde lest tankane hennes sa han: ”Det er ikkje så kjekt som det høyres ut som. Eg har nesten vakse opp utan foreldre, og ei ny barnepike kvar veke”. Utan å tenke svarte Marianne: ”Min mor døde da eg var liten, og min far har aldri vist noen stor interesse i meg, så eg forstår kva du meiner med at det er einsamt å vekse opp aleine”. Mikkel såg bort på henne. Blikket deira møttes og Marianne følte auga hans var mye meir opne enn dei hadde vore før dei hadde hatt denne samtalen.
Nokre minuttar seinare var dei framme med huset hans. Ho opna døra sjølv, men han kom rundt bilen og hjelpte henne ut. Han hadde kjørt rundt huset, og haldt henne i handa mens dei gjekk mot inngangsdøra. Han produserte ein nøkkel frå lause lufta og låste opp. Marianne fekk ein rundtur i huset, mens Mikkel haldt henne i handa og fortalte om dei forskjellige romma. Då dei tilslutt ende på eit rom i 2. etasje spurte Marianne: ”Kvar er foreldra dine?”. Då ho såg utrykket som kom over ansiktet hans angra ho på å ha stilt spørsmålet. Etter ei stund svarte Mikkel: ”På jobb…”.
”Det er far min og,” sa Marianne. ”Han er alltid på jobb”.
Mikkel så opp på henne, og i augene hans såg ho noko ho ikkje heilt forstod. Han sette seg ned på kanten av senga i rommet, og ho sette seg ned i ein stol på andre sia av rommet.
”Kvifor sett du deg så langt borte?”, spurte Mikkel. Marianne såg bort på han og reiste seg og gjekk bort og sette seg ved sida av Mikkel. Så spurde ho: ”Sitt eg framleis langt borte?”. Mikkel smilte, og bøygde seg ned og kyssa henne på munnen. Rett etter på fant Mikkel frem engelskbøkene, og dei begynte på leksene.

Då dei var ferdige gjekk dei ned på kjøkkenet. Der fant Mikkel noko å ete til dei, og dei satt på sida av kvarandre og åt då det ringte på døra. Mikkel opna døra og der stod det ein gjeng med ungdommar frå byen. Mikkel virka overaska, men glad, og slapp gjengen inn. Han presenterte dei for Marianne, og ho syntes dei virka hyggelige. Telefonen til Marianne ringte, det var bestemor, ho var ferdig med middagen, og lurte på om ho kom heim til middag. Ho sa frå at ho gjekk til Mikkel, og han sa ha det.

Dagen etter var ikkje Mikkel på skolen. Han hadde virka heilt frisk i går, så Marianne syntes det var noe rart på gang. Etter skulen gjekk Marianne heim til Mikkel for å sjå til han. Då ho kom til huset hans, stod døra open. Ho blei litt bekymra, og gjekk inn i huset. Der fant ho alle ungdommane frå i går i den store stua, men den var ikkje full av fine ting lenger, det var fult av øydelagde pynte gjenstandar, og den fine nye sofaen var riven sund og det låg fulle ungdommar rundt om kring i rommet. Men ho kunne ikkje sjå Mikkel nokon stad. Ho gjekk opp på rommet hans, og fant han liggande på senga med ein spegel på nattbordet på sia av seg. Det var noko som likna på mjøl på spegelen, det var narkotika. Ho kunne ikkje tro at Mikkel var ein sånn ein type. Han hadde jo virka så grei. Plutseleg høyrte ho ein bil kjøre opp til huset. Panikk kom krypande inn i hovudet hennes. Ho tok motet til seg og gjekk ned i første etasje igjen. Der stod det eit par i dør opninga, dei såg ganske rike ut, ho fekk ein følelse av at dei var foreldra til Mikkel. Dei såg opp, og auga deira fortalde henne at dei var oppgitte. Då dei såg henne såg dei litt overasket ut. Ho gjekk bort til dei og sa: ”Hei…”. Dei virka ganske overasket av at ho ikkje bare stakk av, men etter ei stund svarte dama: ”Hallo, kjenar me deg?” Marianne rakk frem handa si, og sa: ”Eg heiter Marianne, eg møtte Mikkel i går på skulen. Eg blei bekymra når han ikkje dukka opp på skulen i dag”. Dama sitt utrykk blei meir forståande, og ho tok handa til Marianne, og sa: ”Hei. Eg er mor til Mikkel, har du funne han nokon stad i huset?”.
”Eg trur det var han som låg bevisstlaus i senga oppe.” svarte Marianne. ”Men eg må gå nå, bestemor ventar på meg.”. Ho gjekk rundt det sjokkerte paret i døra og vidare heim.

Då Marianne kom på skulen dagen etterpå stod Mikkel sin bil på parkeringsplassen. Ho lurte litt på om han visste at ho hadde vore innom dagen før, men trudde ikkje ho kom til å spørje. Dei satt på sia av kvarandre i timane, men ingen av dei sa noko til kvarandre. Då dei kom til siste time, sa Mikkel: ”Kan du ikkje sei noko? Eg blir sprø av at du ikkje seier noko til meg!”. Marianne såg bort på han og forsto at foreldra hans hadde sagt at ho hadde vore på besøk i går. ”Eg har ingen ting å seie til deg, berre det at eg trudde verkeleg ikkje du var sånn”. Mikkel virka ikkje serleg sjokkert over det ho sa, men så svarte han: ”Eg trudde verkeleg at du, av alle, kom til å forstå meg. Men du er akkurat som alle andre.”.
”Ok, nå er det plutseleg greitt å dope seg pga at foreldra dine er elendige til å være foreldre!” utbrot Marianne. Mikkel så overasket bort på henne, så sa han: ”Eg har ikkje dopa meg, det var mel som låg på spegelen på rommet. Eg trudde du var sint fordi det var to andre jenter på rommet når du kom inn”. Marianne så overasket opp på han. I auga hans såg ho angeren hans, og ho forsto at det han nettopp hadde sagt til ho var sant. Ho overraska seg sjølv med å bli lei seg. Det føltes som å bli sviken av ein ho elska, men det kunne jo ikkje vera sånn. Ho hadde jo akkurat møtt han. Det ringte ut, men Marianne klarte ikkje røre seg. Ho følte ho huska noko frå då ho var lita, men ho klarte ikkje heilt å sette fingeren på det. Mikkel hadde reist seg, og gjekk rundt pulten og stilte seg på andre sia mot henne. Ho såg opp og kom plutseleg på kva det var: På den gamle skolen, barneskolen, hadde ho hatt ein bestevenn som heitte Mikkel. Han hadde flytta før henne, det hadde vore vanskeleg og komme over han, og ho hadde trudd at ho hadde komme over ham. Men tydeligvis hadde ho ikkje komme over han, og her stod han føre henne og venta på henne. Ho hadde elska han så mye som ein 12 åring kan elska eit anna menneske. Ho såg opp og han såg ned på henne med kjerleik i auga. Ho riste seg og blei med han ut.

Nokre år seinare er Marianne og Mikkel framleis saman, dei sitt saman rundt eit bord og fyllar ut søknadar til universitetet. Dei er svært lykkelige. Mikkel har ein truloving ring i lommen og ventar berre på det rette tidspunktet til å fri til henne. Ho ventar berre på at han skal fri, fordi ho har allereie sett ringen og kan ikkje vente.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar